NORGE OG VERDEN SÅNN HARALD STANGHELLE SER DET.
Jan Kløvstad "bokbadet" Harald Stanghelle om viktige spørsmål om situasjonen i Norge og verden i dag.

Om temaet:
Vi er vant med å høyre Harald Stanghelle intervjue andre i Bakgården under Arendalsuka. Men kva meiner Harald Stanghelle sjølv om viktige spørsmål, om stortingsvalet veka før, om "det nye USA under Trump", krigen i Midt-Austen og Ukraina, om demokratiske verdiar -- og om generasjonsskiftet som nå har begynt i skandinaviske kongehus" Desse og andre spørsmål svarer Stanghelle på i dagens foredrag.
Om foredragsholderen:
Harald Stanghelle er fra Stanghelle like ved Bergen. Han har vore journalist sidan han begynte som frilansar i Daen i Bergen 15 år gamal. Han blei lokalavisredaktør 19 år gamal, har vore presseoffiser for FN-styrken i Libanon, og sidan journalist og redaktør heilt fram til 2018, dei fleste åra i Aftenposten. Frå 2019 har han vore leiar av hovudprogramkomiteen for Arendalsuka. Han har også skrive fleire bøker; om kunst, politikk og om kong Harald. Harald Stanghelle er ein av dei mest respekterte og brukte kommentatorane på norsk samfunnsutvikling, - i Aftenposten, NRK og blant anna i Arendalsuka.