SYLFEST LOMHEIM: "FRONTALLAPPEN - KUNSTIG INTELLEGENS SOM OMSETJAR?"
Om foredraget:
Foredraget baserer seg på Lomheims bok "Frontallappen - kunstig intelligens som omsetjar" . Boka ble gitt ut i 2026.
I 2023 kom det over oss ei gigantisk tek-bølgje som må seiast å ha endevendt omsetjingsfaget. Det vesentlige i opningskapittelet er å avklara og gjere tydeleg at det som skjer i KI-programma og det som skjer i vår hjerne, ikkje kan sammenliknast. Dei to, maskina og mennesket, spelar ikkje på same lag. Dei er på kvar sin banehalvdel. Sidan appane rår over menneskets kvardag på 2020-talet, er det både rimeleg og venta at me menneske brukar appar til å levera meir eller mindre gode omsetjingar. Mennesket har i dag gjort data-omsette tekster til ein del av kvardagen. Difor må KIs språkgenerering verta tema i starten, sjøl om hovudmålet med boka er skrive om alle dei komplekse, intellektuelle prosessane som går føre seg i menneskehjernen under omsetjing. Dei prosessana som skjer i den fremre delen av hjernen går føre seg seg nettopp i det området som går under nemninga "frontallappen".
Om foredragsholderen:
Sylfest Lomheim (f1945) kjem frå Hafslo i Sogn. Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder. Han har skrive om omsetjing, om setjingsteori, fagspråk og språknomering.