Norge og verden sånn Harald Stanghelle ser det.

Jan Kløvstad "bokbader" Harald Stanghelle om viktige spørsmål om situasjonen i Norge og verden i dag.

Store Torungen, Arendal Kulturhus.
Fra til
Oppdatert 2. apr. 2025 kl. 12:18

Om temaet:

Missing image

Vi er vant med å høyre Harald Stanghelle intervjue andre i Bakgården under Arendalsuka.  Men kva meiner Harald Stanghelle sjølv om viktige spørsmål, om stortingsvalet veka før, om "det nye USA under Trump", krigane i Midt-Austen og Ukraina, om demokratiske verdiar - og om generasjonsskiftet som nå har begynt i skandinaviske kongehus?  Desse og andre spørsmål skal Stanghelle får svare på onsdag 17. september.

Om foredragshalderen:

Harald Stanghelle er fra Stanghelle like ved Bergen. Han har vore journalist sidan han begynte som frilansar i Dagen i Bergen, 15 år gamal.  Han blei lokalavisredaktør 19 år gamal, har vore presseoffiser for FN-styrken i Libanon, og sidan journalist og redaktør heil fram til 2018, dei fleste åra i Aftenposten.  Frå 2019 har han vore leiar av hovudprogramkomiteen for Arendalsuka.  Han har også skrive fleire bøker; om kunst, politikk og om kong Harald.  Harald Stanghelle er ein av dei mest respekterte og brukte kommentatorane på norsk samfunnsutvikling, - i Aftenposten, NRK og blant anna i Arendalsuka.